Kai & Kjell Arild
For ca 3 år sida bestemte eg meg for at ein tur på R 66 skulle eg gjennomføre . Eg kjører ikkje så mykje motorsykkel men tenkte at dette må vel gå bra likevel. Etter mange påloggingar på sida og mailer til Trond sendte eg inn betilling for meg og sønn min Kjell Arild .Dette var noko som få visste at eg hadde gjort og eg prata med folk som hadde kjørt tur eller kjente folk som hadde kjørt tidlegare. Eg syntest at dette med at det alltid var nokon som kunne hjelpe dersom ein fekk problem var det som gjorde at eg meldte meg på. For og få litt ”føling” leigde eg ein H D før eg skulle på tur og det er litt annleis enn ein liten Honda. Spenninga var stor når datoen nærma seg og mange spørsmål surra i hovudet. Nå når turen er unnagjort og eg har sortert bilder ,laga ein dvd og skrive ned det eg hugsar så er det noko som eg føler er viktig for andre som vil prøve det samme .Frå første dag når me traff Trond i Chicago var at han hadde sine reglar og dei skulle følgast noko som er veldig bra. Det at det på følgebilen er ein ekstra sykkel dersom din egen skulle stoppe er bra ,turen din blir ikkje den samme i bilen ,all bagsje er bare og lesse over i følgebilen ,bensin fyller me når det er nødvendig ,Trond står klar med nøklar til hotellet når me kjem fram , det er alltid følgebil + 2 personer på motorsykkel som har radiokontakt, noko som gjer det tryggare for oss andre. Det at dei har følgt 31 motorsykklar på tvers av Usa uten ein skade er og eit bevis på at dette fungerar .Eg har opplevd alt det som eg ønskte at eg skulle få oppleva og dersom eg skulle vera så heldig at eg får til ein tur til så veit eg med sikkerhet kvar den skal bestillast og kven eg skel reise med, dette er noko som eg og Kjell Arild er enige om. Så ein stor takk til Trond Moberg & co for denne gong og håpar at me treffest enten her i Norge eller på ein ny tur i USA. Helsing Kai og Kjell Arild Teigen 3840 Seljord
|