| Kai og Kjell Arild si reisedagbok 2006 | 28 Aug - 10 Sep 2006 |
| Søndag 27/8 |
| Nå er kl 23,00 og eg er på veg til Notodden der eg skal treffe sønnen min Kjell Arild som skal vera med på turen me har venta på. Det er ikkje fritt for at det er mange tankar som er i hovudet akkurat nå ,blir turen som me har tenkt, vil me få den motorsykkkelen me har bestilt, korleis blir været , korleis er dei me skal reise sammen med, korleis er Trond Moberg som reiseledar osv. Me er 31 motorsykklar og totalt 42 pesrsonar. |
| Mandag 28/8 Avreise frå Norge |
Me treffer nokre andre på Gardermoen før me går om bord i flyet til Amsterdam, der det er fleire som skal med. Det var litt dårleg med beinplass på flyet , men tanken på kva som ventar i USA gjer at dette bare er ein bagatell. Vel framme i Chicago kjem me i prat med 2 personar frå Sverige som skal på ei mc messe i Minneapolis ,dei importerer Indian Og Victory motorsykkler og seier at dei er bedre og billegare enn Harley Davidson som me skal bruke. Vel framme på hotellet er det helsing og presentasjonar før Trond tek ordet og informerar om reglar , kjøring ,opplevelsar osv. På kvelden reiser Kjell Arild og eg inn til Chicago i Limousin sammen med nokre som etterkvart vart kalla ”Vestlandsgjengen”, dette var ein fin avsluttning på dagen.Det regner nå når me skal legge kånn, men me får håpe på bedre vær i morgon. |
Etter frokost kjører me buss inn til utleigaren , været er litt overskya men med bra tempratur .Når me kjem fram er det eit nydeleg syn som møter kånn ,det står Harley Davidon parkert på rekke og rad. Det er med litt høgare puls me går for og finne den sykkelen me skal ha .Me hadde valgt ut ein Electra Glide pga at me var 2 personar men sykkelen me fekk var ein Road King. Når me sa ifrå om dette til Trond var svaret enkelt ”ja då ordnar me det ” ,det er dette eg kallar service. Så er me endeleg på vegen og det tek litt tid når ein er vant til ein litt mindre og lettare Honda som ein stort sett kjører åleine på. Men etterkvart så ”sitt” følinga der og det går lett som bare det. Me kjører på Highway eit stykke før me skal over på R66 ved Odell ,der me og stoppar for og sjå på gamle byggningar og kjøpe litt souvenir. Nå kjem det regn og regnklær må takast fram .Me kjem fram til R 66 hotellet i Springfield der me skal overnatte ,og tar ein liten spasertur i nabolaget før me finn ei restaurant der me et middag før turen gåt tilbake til hotellet. Dette var ein bra start på den første dagen på vegen. Me har kjørt ca 370 km. |
| Onsdag 30/8 Springfield - Lebanon |
Når me vakna var det overskya ,me et frokost pakkar og er klare til og dra . Då får me greie på at ein av deltakerane er blitt sjuk og me må vente til dei kjem att frå kontroll på sjukehuset .Etter ca 2 timar kjem dei men ho må sitte på i bilen med Trond , kva skulle me gjort dersom me det ikkje var ein bil i følge ?
Me er klare og det er vel nå at me føler at me er i gang med turen. sjølv om det er overskya og regn. Me kjører gjennom stader som Girard ,Nilwood og Carlinwille før me stoppar på Henry`s Rabbit Farm som er ein nedlagt bensinstasjon som er gjort om til souvenirbutikk + at han driv med kaninoppdrett. På utsida kunne eg telja til 7 stk Volkswagen Golf (rabbit) og mykje anna gammalt som sikkert var frå den tida som R 66 var hovedvegen forbi her. Når me kjører vidare lettnar været og så kjem sola og regndressen kan pakkast ned til fordel for bukse og t skjorte ,og når me har Alan Jackon på radioen så føler me at :Ja nå er me i Amerika: Me kjører vidare og når fram til den gamle brua Chain of Rock Brigde og det er imponerende og kjøre over denne brua som var et viktig bindeledd heilt tilbake til 1937. Me kjører ut på Interstaten men vår leder på motorsykkel (Frode ) kjører til høgre så vi får 2 ekstra turer over elven før vi er tilbake på riktig vei ,men vi fikk sett litt mer av området på denne måten. Vi tar en stopp på Route 66 Motors der me ser på flotte gamle biler (og selfølgelig souvenirer) før vi stopper for og kjøpe vin på i Rosati ,og de som er passasjere kan kose seg med ett vinglass i sola. Så er me på vegen att og nå er det fint vær ,fine vegar ,fin musikk og turen til Hunger Moss Motell går så altfor fort. Vel framme på motellet har Trond bestilt pizza og me samlast rundt svømmebassenget for ein matbit og mykje prat og latter ,dette som starta som ein grå dag med venting var ein av dei bedre. Me har kjørt ca 440 km i dag. |
| Torsdag 31/8 Lebanon – Tulsa |
Me vaknar til disig men varmt vær og sola lurar bakom disen så dette ser ut til og bli bra og me skal eta frokost nede på ”kroa” . Når alle er klare til og kjøre bryt sola fram gjennom skydekket. Vegen som me kjører i dag er litt svingete som går gjennom eit veldig fint landskap. Trond har lagt opp med ca stopp kvar time så me får strekke på beina og kjøpe litt forfriskningar ,det er og lagt opp til bensinfylling og pauser. Det blir etterkvart varmt og motorsykkel er det heilt perfekt ,Lunsjen et me hjå Eisler Brothers ute i solsteiken ”perfekt”. Når eg går i butikken etterpå for og handle litt blir eg tilsnakka av ein gammal kar og han pratar norsk og fortel at familien kjem frå Norge .Det er nå ca 30 grader og me gjer kånn klar for og kjøre vidare .Ved brua Rainbow Brigde står ein kar som heiter Dean Walker og han skal vise kånn at han kan snu begge beina bak fram og eg får oppdraget med å gjera dette .Han snur det eine beinet bakover sjølv og ber meg snu det andre . Når eg tek tak for og snu det seier han :
”no you must kick it” og eg må sparke til beinet hans fleire gonger før det er heilt bak fram. Me seier farvel til Dean og er ”on the road again”. Nå er det bare fine vegar og strålande sol og me kjører inn mot Tulsa der me skal overnatte ,det går unna på motorvegen inn til hotellet for alle ventar på eit bad i bassenget. Trond har bestilt felles middag på hotellet og dette er veldig koselig før me avsluttar med ein prat ved bassengkanten.Me har kjørt ca 390 km i dag. |
| Fredag 1/9 Tulsa – Clinton |
Når me startar i dag er været heilt perfekt og i dei neste dagane skal Ken kjøre med oss ,han er ein kjenning av Trond og har kjørt med andre før. Me kjører innom R 66 Souvenir butikken i Stroud som er bygt opp av stein frå den gongen dei laga vegen. Her kjøper eg meg ein tempraturmåler til og ha på sykkelen. På Seba Station ein nedlagt bensistasjon som nå er souvenirbutikk midt ute i ingenmannsland får me servert nydelege sandwicher og det som eg etterkavart tenker på er at kvar du enn stoppar eller pratar med så er amerikanerane eit veldig gjestfritt og fint folk og dei er veldig interesert kvar du kjem ifrå. Du blir godt motteken som turist i USA. Me oss på turen i dag har me og nokre kameratar av Ken og det som er rart her er at Ken kjører Yamaha og dei andre Kawasaki. Me er innom og besøker ”den runde låven” og etter nokre fleire mil på vegen seier me farvel til dei 2 kameratane av Ken ,mens han skal vera med oss vidare. Når me kjem fram til Clinton er det 34 grader og eit hopp i bassenget er ikkje direket vondt. Nå skal me på meksikansk restaurant og eta middag før me avsluttar med bowling. På denne turen er det med personar frå 17 år og opp til 60 år og det som er moro er at så mange gjeng sammen uten at det blir problemer, så eg vil sei at dette er ein fin reisegjeng.Me har i dag kjørt ca 320 km |
| Lørdag 2/9 Clinton – Amarillo |
I dag er det litt overskya så eg tek ikkje på meg regndressen ,me skal og besøke R66 Museet her som er noko av dei beste musea .Når me er ute på vegen kjem regnværet og det bli veldig lite moro og kjøre. Me skal i innom Elk City og besøke Harley og Annabelle. Elk City ser nesten ut som eim spøkelseby der det er mange fråflytta hus ,hus til salgs. tomme butikkar og det kjører ikkje mange bilane i gatene. Når me kjem kjørande inn i hovedgate står dei to og vinkar med flagg og helsar oss velkommen. Me parkerar og går inn i ein ” liten butikk?” der dei skal underhalde for oss. Her er satt fram brød , pålegg, kaffe og cola så det er bare og gjera slik som du gjer heime. Butikken er full av gamle ting som dei har samla og det er tydeleg at dei set pris på besøket av Trond and his Road Warriors. Dei spelar og syng og me har ei kjempesoseleg stund her. Når me skal kjøre vidare er været blitt kaldare og mange må inn på bilen til Trond for og pakke fram varmare klær. Eg lurer på kva me skulle ha gjort nå dersom me skulle hatt alle klærne pakka på motorsykkelen ,nei det med ein følgebil er eit veldig bra alternativ. Me kjører vidare og regnet gjev seg litt når me nærmar kånn Amarillo og det er lett og sjå at me er i eit ”farmer ” distrikt. Me er veldig våte og kalde når me kjører inn på Big Texan Motell .Etter at me har skifta er me klare for middag på The Big Texan Steakhouse og Kjell Arne Vassbrekke frå ”vestlandsgjengen” bestemmer seg for og prøve seg på 2,2 kg biff .Kjell Arild blir og spurt om han vil prøve og er på veg til å sei ja då han ombetemmer seg og Kjell Arne prøvar åleine. Etter ca 1 ,5 t må han gje seg og det visar seg at han har ete ca 1,1 kg ”kjempebra” Kjell Arne. Når han kjem tilbake til bordet så spør han Kjell Arild om kvifor han ikkje ville prøve men han seier at han nå nettopp har ete opp ei steik på1,1 kg.
Var du mett då spør Kjell Arne? Neida eg kunne tatt ein til var svaret. Jan og Lena får besøk av skyldfolk som et sammen med oss og som skal følge med på vegen neste dag. Me har i dag kjørt ca 290 km |
| Søndag 3/9 Amarillo – Santa Rosa |
Det er litt overskya i dag men eg og Kjell Arild vil utforske ein litt mindre canyon og er tidleg oppe ,men etter ca 40 km må me snu for me møter uværet. Me kjører tilbake til Amarillo og kler på oss regnklæer og genser, Lena må låne genser for ho er blitt forkjøla og frys. Me stoppar på Caddilac Ranch men det er ikkje noko og stå ute i regnvær så me kjører fort vidare .Neste stopp er på Midtpoint cafe som er halvegs til Los Angeles. Her får me ein god lunsj og Kåre Breimoen frå Lillesand får gåver på sin 60 års dag .Han og kjerringa er ”garva” motorsykkelfolk som har besøkt over 20 land rundt i Europa (Gratulerer).Me er nå midt i kvegland noko du kjenner på lukta ,her er det gårder som har frå 20000 til 100000 dyr. Me er og innom spøkelsesbyen Glenario der folk bare har reist frå husa sine ,av det me kunne sjå var det bare folk i eit hus der, På vegen til Santa Rosa blir det eit forferdeleg regnvær ,vind og tempraturen er ned i 10 grader. Me skulle egentleg kjøre meir av R 66 i dag men Trond hadde undersøkt og noko av vegen sto under vatn pga dette uveret. Når me kjem fram til Santa Rosa besøker eg og Kjell Arild nok eit R 66 museum før me reiser til hotellet for og skifte til tørre klær. Me går ein tur sammen med ” Haldengjengen” til ein meksikansk restaurant der me et middag og hyggar oss. Me har Per Kristian Dahl ordføraren frå Halden og brødrene hans med på turen og at det er ein kjent person det merkar me ,til og med i Seljord har dei fått høre at han er med. Me går tilbake til hotellet og det er tydeleg at i USA er det ikkje vanleg at folk er ute og går for alle ser rart på dette følget som er ute og ruslar på denne tida av døgnet. Me har kjørt ca 310 km i dag. |
Mandag 4/9 Santa Rosa – Albuquerque |
Dagen i dag ser ut til og bli bra med ca 20 grader og antydning til sol . Me skal kjøre opp i ca 1600 meter og dette er eit nydeleg landskap som heiter Pecos National Historic Park. Det som er rart når ein kjører her er at ein ikkje merkar at det stig pga dei lange avstandane. Eg og Kjell Arild kjører før dei andre for og få filme når heile rekka av Harleyar med Trond i spissen som kjem kjørande ,me blir då litt langt etter og det er litt greit og kjøre heilt aleine ei lita stund og. Me kjem fram til Santa Fe og det er ein by som er verkeleg spesiell, med hus som ikkje kan byggast høgare enn katedralen i sentrum. Me kjører inn til sentrum og parkerer og tek ein rusletur i byen før me finn ein plass og eta lunsj. Dette var ein by me skulle hatt betre tid i for her var det mykje og oppleva. Etter lunsj kjører me ut av byen mot ein ”hippieby” som heiter Madrid,
Her kjører all trafikk rett gjennom ei smal hovedgate der det er butikkar langs vegen.Me tar ein liten stopp her før me kjører siste delen inn til Albuquerque der me skal overnatte. Turen frå Madrid til Albuquerque går gjennom eit fint landskap med fine vegar , som skapt for motorsykkel. Etter at me har fått rom på hotellet kjører me og ”vestlandsgjengen” ut til Sania Peak taubanen som er verdens lengste og som går opp til 3440 meter ,og her er det alpinanlegg ned på andre sida av fjellet. Heisen har og det lengste spennet i verden mellom to tårn som er 800 meter.Når me er vel tilbake i byen går me sammen med Lasse ,Frode ,Lena og Jan for og eta på ein meksikansk restaurant og der blir me ”attglømt” når restauranten stenger. Dette må vel seiast og vera den finaste dagen så langt og me har tilbakelagt ca 310 km. |
| Tirsdag 5/9 Albuquerque – Hoolbrook |
Etter frokost er eg ned og vaskar motorsykkelen ,dette er ein morgon der sola kjem opp på ein blå,blå himmel og dagen ser perfekt ut. Me kjører i eit landskap som er slik me ser på gamle western og indianerfilmar . Me er innom mange plassar der det er nedlagte samfunn som er heilt eller delvis fråflytta fordi vegen og livsnerva forsvant.
Men det og nokre som klamrar seg fast med salg av diverse på nedlagte bensinstasjonar og butikkar og slike er det artig og besøke. Det er og det som eg synest er fordelen ved og ha med ein som er så godt kjent som Trond er at han veit kvar me kan og burde kjøre og kva som er interesant og sjå. Me skal og kjøre gjennom Nasjonalparken Painted Desert/Petrified Forest som er som og sjå eit månelanskap. Me samlast rundt bassenget på kvelden ,men eg har fått feber og går rett til sengs der eg sov i over 12 timar. Me har kjørt ca 400 km i dag. |
Onsdag 6/9 Hoolbrook – Williams |
Vaknar opp til fint vær og i dag skal me ikkje kjøre så langt før me er framme med hotellet. Me får ein stopp på ”Standing on the corner of Winslow Arizona” som Eagles gjorde udødelig. Her handlar me med oss effektar og souvenir før turen går vidare i eit veldig fint landskap. Me er framme i Williams ca kl 13,00 og der får me nøkkelen til romma så me får slengt inn bagasjen før me skal kjøre opp til ein av turens høgdepunkt Grand Canyon. Turen opp tek ca 2 timar og me har bestilt helikoptertur der oppe.
Vel framme blir me vinka inn som gruppe nr 3 og får ein fantastisk helikopter tur over canyon. Når me landar startar eit voldsomt regnvær så det er bare og ta det med ro ei stund , Jan har lagt att hjelmen sin ute på sykkelen opp ned og det var vel ikkje det luraste han kunne gjort. Når det sluttar og regne er me nokre som vil kjøre inn i parken men det kjem meir regnvær og nokon velger å snu og kjøre tilbake til hotellet. Me vil kjøre inn i parken og det er eg glad for at me gjorde for etter ca 15 min så sluttar det og regne og sola kjem og det er eit syn som bare er vanskeleg og forklare ,dette må bare opplevast. Kjell Arild er i gang med og ta mc lappen men har ikkje fått kjørt opp ennå så nå får han prøve seg på Harleyen , og det er ein veldig fornøgd person som parkerar når me er tilbake i Williams. Me blir sittande ute og prate med nokre av dei andre før me gjeng til ro ca 23,00 ,det er mange og store opplevelsar som skal fordøyast .Me har i dag kjørt ca 420 km. |
Torsdag 7/9 Williams- Laughlin |
Me startar opp i solskinn og kjører til Seligmann der frisør og barberar Angel Delgadillo bur ,han er den som har fått æren av att R 66 er tilbake på kartet. Ole Kristin setter seg i stolen for han må ha ein finpuss til han skal til Las Vegas i kveld. Me kjører gjennom mange små landsbyar og har jevne stopp. Dette er ein varm og fin dag og me skal over eit fjellpass som heiter Stigreaves Pass som er på ca 1600 meter. Dette er eit landskap med svingete vegar som går opp i fjellene ,forbi gamle gruvesamfunn før me endar ned i gruvebyen Oatman som ser ut som i 1900. Her går eslene fritt i gatene og det er ei hovedgate med plankefortaug på kvar side. Nå er me i cowboyland og her er saloon og general store . Tempraturen er nå ca 34 grader og me vil komma vidare til hotellet i Laughlin. Vel framme i Laughlin som ligg midt ute i ørkenen dusjar og skiftar me før me går om bord i bussen til Las Vegas .Kjell Arild ,eg ,Ivar og Marte hadde bestemt at me skulle ta berg og dalbanen som er på toppen av Tower men pga lyn og torden var den stengt. Det vart til at eg gjekk rundt i byen og kikka og kom då nesten for seint til bussen tilbake ,eg trur dette er ein kombinasjon av varme og alder.
I dag har me kjørt ca 290km |
Fredag 8/9 Laughlin – Barstow |
Me våkner til sol og varme og ein fantastisk frokost på hotellet ,i dag er den store ørkendagen. Me kjører ca ½ time før me stoppar og fyller bensin. Etter bensinfylling er me 6 stk som vil kjøre før dei andre : Ivar ,Rolf,Per ,Kai, Kjell A og Bjørn .Me kjører mot Barstow og det er artig og kjøre meir slik ein vil gjennom dette landskapet som stort sett bare er ørken. Vegen er av og til fleire mil rett fram, me har og telt tog med 5 lokomotiv + 147 vogner og då ofte i 2 høgder . Når me er framme i Barstow er me nede ved bassenget og slappar av før me et middag på restauranten på andre sida av vegen. Etter middag er det samling rundt bassenget der praten går lett om det me har sett og opplevd. Me er og klar over at dette er siste kvelden som me kan sitte slik som dette , desse snart 14 dagane har gått veldig fort. Idag har me kjørt ca350 km. |
Lørdag 9/9 Barstow – Los Angeles |
Ja så er det siste dagen på motorsykkelen og den startar med strålande vær . I dag skal me kjøre over San Bernardin fjellen og det er noko eg har gleda meg til. Det er ca 34 grader i Barstow når me reiser og turen opp til Big Bear Lake er som ein ”drøm”. Kjempefin natur der vegane slynger seg oppover og det som for ein nordmanne er rart
er at i denne høgda blir det meir vegetasjon og større tre. Me er nå oppe i ca 2200 meter og når me er på toppen er det eit flott fjellandskap me kjører igjennom. Me tek ein liten lunsj i Big Bear før turen går nedover Running Spring . Her er det flotte vegar og ein fantastisk utsikt og turen ned er ”drømmen” og kjøre motorsykkel på. Når me er nede fyller me bensin før me kjører siste biten inn til Los Angeles ,dette er ein tur som eg trur kan bli tøff .Her er det motorveg med opptil 6 felt og veldig stor trafikk og det er ikkje stopp før me er framme. Men nok ein gong ser me att dette er godt planlagt ,Trond først med følgebilen som er lett og sjå ,Lasse midt inne blant sykklane og Frode bakerst for og passe på att alle er med. Så er me framme i L A me kjøtrer til utleigar der dei skal sjekke att alle sykklane er uten skader.Me tek drosje tilbake til hotellet der me samlast til ein felles avskjedsmiddag. |
Sammendrag |
Me har hatt ein FANTASTISK tur og eg er imponert over opplegget som ser ut til og fungere veldig bra .Trond har sine reglar og dei må alle følge noko som eg synest er bra. Me har fått oppleve alt det som eg håpa på og at me skulle tatt denne turen og då planlagt den sjølv ser som lite gjennomtenkt. Her har me alt tilrettelagt :me tenkte ikkje på bagasje ,bestilling av hotell ,bestilling av tur i Grand Canyon ,bensin ,kvalitet på motorsykklane ,reservesykkel ,ein plass og sette souvenirane me kjøpte, ja alt er lagt opp i hendane på oss slik att me får gjera det me alltid har drømt om, KJØRE HARLEY DAVIDSON PÅ ROUTE 66 uten problem. Me hadde med Eilef og Kirsti som eg må sei at eg fekk stor respekt for ,han hadde problem med ein dårleg fot men han fekk kjøre først og opplegget rundt turen trur eg gjorde at dei kunne gjennomføre det.
Så nok ein gong tusen takk til dei som var med på denne turen og gjorde den til det den vart ,takk til Trond,Frode og Lasse som var med for og passe på oss. Dette var verdt hver einaste krone og skal eg nokon gong ”over there” på motorsykkel så er ikkje valget vanskeleg. Helsing Kai Teigen Kjell Arild Teigen 3840 Seljord |